Påskeprogram på Bessheim 2012

• Sundag 1. april: Quiz
Vi lagar ein Quiz i peisstugu kl 20.30. Meld på lag i resepsjonen før kl 18.00. Spørsmål som passar både til vaksne og unge, så meld gjerne på familielag.

• Tysdag 3. april: Bingo
Bingoverten rullar i gang kulene kl 20.00 i Peisstugu. Meld deg på i resepsjonen før kl 18.00. Passar for både barn og unge.

• Onsdag 4. april: Foredrag om historia til Bessheim, med familien
Bessheim og Sjodalen har lange tradisjonar. Denne kvelden kan du få vist litt meir om bakgrunnen for Bessheim, samt historier frå området. Kl 2030 i peisstugu

• Torsdag 5. april: Pilking
Vi tek med oss pilkeutstyr og ruslar ut på isen. Ta med sitjeunderlag og niste så ordnar vi med noko å drikke. Passar fint for ungar. Oppmøte utanfor hovudinngangen kl 11.00. Også andre enn eigne gjestar er velkomne, for dei er prisen 35 kr/pers. Det er ca ½ time å gå på anten ski eller truger. Ev leie av truger kostar kr 50/pers.

• Torsdag 5. april: Ljosbileteforedrag med Jon Sjurgard
Jon Sjurgard har satt saman ein ny serie med bilete frå Jotunheimen. Her kan du få tips til fine turar både sommar og vinter. Kl 2030 i peisstugu

• Torsdag 5. april: Guida tur over Besseggen
Dersom været er bra denne dagen, så tek vi ein tur over Besseggen på ski. Det er ein fordel om ein har stegjern denne dagen, men vi vil ha ein del til utlån også. Den som vil vera med på denne turen må vera i god fysisk form, da det er ein lang tur. Ta med godt med mat og drikke. Påmelding i resepsjonen, eller på telefon 61238913 kvelden før. Kr 290 per person. Oppmøte kl 0900.

• Fredag 6. april: Familietur til Hoskelia
Vi går på ski til Hoskelia. Det er ca 30 min å gå på ski. Avreise frå utanfor resepsjonen kl 11.00. Ta med litt niste, så kokar vi varm drikke og grillar pølser. Kr 35 for dei som ikkje bur på Bessheim
Fredag 6. april: Topptur til Besshø
Dersom veret vert fint denne dagen vil vi arrangere ein topptur til Besshø, med leiar. Dei som vert med på denne turen må vera i god fysisk form, da dette blir ein lang tur. Oppmøte i resepsjonen kl 0900. Påmelding i resepsjonen eller på telefon 31238913 kvelden før. Kr 290 per person. Ta med mat og drikke for mange timar ute. Også andre enn eigne gjestar er velkomne

• Fredag 6. april: Quiz
Vi lagar ein Quiz i peissstugu kl 20.30. Meld på lag i resepsjonen før kl 18.00. Spørsmål som passar både til vaksne og unge, så meld gjerne på familielag.

• Laurdag 7. april: Påskeskirenn kl 1300.
Tradisjonen tru vert det også i år arrangert påskeskirenn på Bessheim. Vi vil setja fram gamle klede slik at dei som ynskjer kan kle seg ut. Ungar kan få enkel ansiktsmåling frå kl 12.00 i TV- stova. Det er ikkje noko krav at ein må vera utkledd for å delta. Både eigne gjestar og andre er velkomne. Påmelding i resepsjonen seinast kl 11.00. Vi oppmodar vaksne om å delta. Grilling av pølser og varm saft. Påmelding kr 25/pers.

• Laurdag 23. april: Påskekvelden
Vi serverer 3- retters middag kl 1900 til alle som har meldt seg på innan kl 16.00 dagen før. Etter middag vert det premieutdeling frå skirennet tidlegare på dagen, levande musikk og god stemning utover kvelden! Middag og fest for dei som ikkje har halvpensjon kostar 350 kroner per person. Born under 12 år er halv pris.

Alle aktivitetane er opne både for eigne gjestar, og for andre. Dykk som ikkje bur på Bessheim kan sende ein e-post, eller ringje om dykk ynskjer å vera med på noko av dette.

Med atterhald om endringar.
Vel møtt til ei innhaldsrik påske på Bessheim! Helsing Kari og Ragnhild
post@bessheim.no http://www.bessheim.no 61238913

About these ads

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s