Vinterferieprogram på Bessheim

Besseggenbandet

På skitur med hunar mot Besseggen og


  • Sundag 19. februar: Quiz

Vi lagar ein Quiz i peisestova kl 20.30. Meld på lag i resepsjonen før kl 18.00. Spørsmål som passar både til vaksne og unge, så meld gjerne på familielag.

  • Tysdag 21. februar: Bålmat

Det vert fyring av bål, og enkel servering ved paviljongen nede ved vatnet kl 1600. Dette blir ein apetittvekjar før middagen om kvelden. Påmelding i resepsjonen om morgonen. Kr 100 per pers.

 

  • Torsdag 23. februar: Aking

Så sant veret er fint, så møtest vi på kvea (rett ovanfor hovudbygningen) til aking kl 16.00. Ta med godt med klede. Vi har akebrett, og tek med litt varm drikke ut.

  • Fredag 24. februar: Quiz

Vi lagar ein Quiz i peisestova kl 20.30. Meld på lag i resepsjonen før kl 18.00. Spørsmål som passar både til vaksne og unge, så meld gjerne på familielag.

  • Laurdag 25. Pilking

Vi tek med oss pilkeutstyr og ruslar ut på isen. Ta med sitjeunderlag og niste så ordnar vi med noko å drikke. Passar fint for ungar. Oppmøte utanfor hovudinngangen kl 12.00. Også andre enn eigne gjestar er velkomne, for dei er prisen 25 kr/pers. Det er ca ½ time å gå på anten ski eller truger. Ev leie av truger kostar kr 50/pers. Påmelding per telefon, eller i resepsjonen om morgonen

Alle aktivitetane er opne både for eigne gjestar, og for andre. Dykk som ikkje bur på Bessheim kan sende ein e-post, eller ringje om dykk ynskjer å vera med på noko av dette.

Vel møtt til ein innhaldsrik vinterferie på Bessheim!

Helsing Kari og Ragnhild

www.bessheim.no           61238913        post@bessheim.no

Med atterhald om endringar

Rutetilbod påska 2012

Nettbuss har kjøpt opp bussdelen av Fjord1 konsernet  på austsida av fjellet og det er Nettbuss som difor står ansvarleg for busstilbodet i Ottadlaen frå 01.01.2012.

Den 31.mars startar rutene 540 LomBøverdalen , 560 VågåmoGjendesheim, 562 Bismo – Sota sæter og 565 Lom – Spiterstulen. Rutene blir køyrde i påska. Rutetabellane for påskeruta finn du her : : http://rute.oppland.org/prog/ruter/ruter.asp?reg=region500

Du kan blant anna ta Gudbrandsdalsekspressen for å komme deg til Jotunheimen i påska. Rutetabellen finn du her: ): http://rute.oppland.org/prog/ruter/ruter.asp?reg=region100

Velkommen til gode skiopplevingar i Jotunheimen!